Otrøy

Bygd: Otrøya
Kommune: Midsund
Tekst: Heggdal, Ragna
Melodi: trad. Kjære du mi Randi
Kjelde: Unge Romsdal 1930, s. 148



Otrøy, mi Otrøy, herlege heimstad,
herleg som sol over grønkande strå,
ligg du der ute, fager og vårglad.
Smiler så fint opp mot himmelen blå.
Rundt om deg brusar fjordar og hav,
lærer deg syngja frå vogga til grav.
 
Songen eg lærer, den vil eg gøyme,
gøyme i barmen ved dag og ved natt.
Og når i trengsla sorgfull eg drøymer
då vil eg minnast dei tonane att.
Å eg kan syngje endå ein gong
bede om lukke og ljos i min song.
 
Otrøy, mi Otrøy, fager om våren
bøane grønkast og knuppane sprett,
fager når sola faller mot kvelden
havgula svalar så lint og så lett.
Fuglane kvitrar songen så glad
sjeldan me såg nokon fagrare stad.
 
Fager om hausten når bøane bleiknar
blomane visnar og blada fell av.
Fager når stormane hyler og rasar
storbåra turar med liksong or hav.
Trungalda rullar inn i mot strand
bryt og skvettar langt opp etter land.
 
Heime, ja heime der vil eg vera,
der vil eg byggje og der vil eg bu.
Der vil eg stride og der vil eg lide,
der vil eg leve i von og i tru.
Herre, så høyr då bøna eg bed:
Lys over Otrøy din heilage fred.
 
Når så mot kvelden, dagen min hallar,
når mine augo skal slokne ein gong.
Når i mot eva klokkene kallar,
når eg ikkje kan syngja ein song -
då vil eg beda. Otrøy, mi Otrøy
tak meg og gøym meg, den dag
eg skal døy.