Nakkebygda

Bygd: Nakkebygda
Kommune: Vestnes
Tekst: Eidhammer, Olav
Melodi: Arne Eidhammer (?)/ arr. for mannskor Henry Vike



Eg veit meg ei bygd attmed fjell og ved fjord,
med skog og med skar og rindar,
med dalen den breie og veldyrka jord,
med graskledde fjell og med tindar,
:/: der federne tufta i framfarne tid,
dei rudde på strand, på myr og i lid
til heimstad for komande ætter. :/:
 
Eg veit meg ein stad med holmar og skjer,
med bylgjer som leikar på strender,
med fluer og grunner der fisken kjem nær,
her ute unte våre feder og frender,
:/: der guten fekk si første røyning med hav,
her voks den sterke lengt til større krav
i båt som skulle storhavet rida. :/: