Munkeliv

Bygd: Lyngværet
Kommune: Sandøy
Tekst: Opstad, Anna

Anna Opstad var rorbukokke på Munken på Lyngværet. Dette diktet er datert 10. april 1932

Korleis vi lever på Munken? Å ja,
det skulda de berre ha visst.
Difor vil eg no blyanten ta
og skriva um det frå fyrst til sist.
Korleis dagane gjeng,
- er det no du spør?
So fort som ein vind dei fer.
Nei, eg hadde aldri tenkt det før
det skulde verta so triveleg her.
 
Frå morgon tidleg til seine kveld
me moro held kan du tru,
for å koka mat og vaske kjøreld
er alt me gjer, eg seier deg du.
Karane reiser i otta ut
på havet og dreg sine garn.
Då er av dagen den største lut -
vår eigen. Og trur du me brukar’n?
 
Dei eg saman med er,
dei er no so kvikk,
og vitjar kvarandre me alltid gjer,
det er no vår gamle skikk.
 
Du kan no berre ho Gunvor sjå
som alt ei kone skal vere,
ho trallar og syng og spretter som så,
for ho er no tjuge år berre.
 
Ho Karen, dotter hans Peder P.
skal også ha seg eit lite ord
kva moro er, eg seie de’
Det veit ho visst om ho er ’kje stor.
 
Og dei som kokar på «Holmen Ku»
dei Tea og Inger heiter.
Det er noko gilde kjeller kan du tru,
ein etter maken lenge leiter.
 
På Hols-bua der er to
som eg i verset ei gløyme kan.
Pauline Smebakk, eg kjende ho
sidan den tid eg var på Gosse-land.
 
Den andre, Emma Hjertvikrem
eg no hev lært å kjenne.
Ja, når ein ut i verda kjem,
ein råkar mange kan hende.
 
På Myra, Klara hev handelsbu,
og dit me tek oss einkvar turen.
For no, ja tenk det du:
Der er ei jente ifrå Orten.
 
Når sjøen ligg still og blå
og sola glitrar og skin,
frå land me skuvar båten då,
og set kursen mot Kuholmen inn.
 
Ja, stundom me alt på Ringen ror
og vitjar kokkane der,
men det er ’kje so ofte,
for det er berre når karane på sjøen er.
 
So hender det ofte ein sundagskveld
at me oss ein svingom kan få.
Og det eg tykkjer er moro lell
i takt etter musikken gå.
 
Men no eg snart skal reise herfrå,
kjem eg nok til å lengte attende.
Då vil eg opp på Storhaugen gå
og synet mitt mot Lyngværet vende.
 
Ja tidt eg kjem til å hugse dei
som her i vinter hev vore.
Eg er no kanskje berre litt lei
for at tida så snart hev fare.
 
Då no me alle skiljast må
og reise kvar til sitt yrke.
Me glede oss vil på attersynet då
anten ved fest eller kyrkje