Møte med Veøya

Bygd: Veøya
Kommune: Molde
Tekst: Wist, Hedvig
Kjelde: Jul i Romsdal 2000, s. 25

Der fjordar møtest i drift mot hav,
med gamal kyrkje og freda grav,
lunt under tinderaden
ligg den heilage staden.
 
Thomas von Westen – prosteregent,
Håkon Herdebrei, tronpretendent.
Her brann Odins og Kristi loge,
kyrkjesenter og Noregssoge.
 
Minnesteinar vart reist i sorg.
Den prektige garden, Williamsborg.
Raumarikets heilage «ve»,
kaupang og handel fylgde med.
 
Arkeologer dei spar og grev,
og hentar lærdom av fordums strev.
Reiskap, smykke – nytt dagslys omsider
vegar inn i dei svunne tider.
 
Kyrkja med tredelt alterskåp,
inventar for ofring og dåp.
Faste plassar for fattige og rike,
frå tider då ingen var jamsid’s og like.
 
Veøy – drøymestaden ved fjord –
eg helsar deg i vakre ord!
Overdrive gjer eg neppe:
Du lyfter ein flik av sagateppet.