Miøy

Bygd: Miøya
Kommune: Midsund
Tekst: Opstad, Anna
Melodi: No livnar det i lundar /L.M.Lindeman



Her ytst i Romsdalsfjor’en
her ligg ein liten flekk,
som vart til dåpen båren,
og namnet Miøy fekk.
Ja, Miøy det vart namnet
og glad i det me vart,
som budde her på landet
og det er ei so rart.

 

Rundt ikring øya, sjøen
bryt op mot nakne strand.
Og graset gror på bøen
og korn på åkerland.
Av regn det hev me nøgda me,
og tutar gjer den kalde vind.
Men sola sender sine strålar ned,
og vermer oss i sjela inn.

 

Me helsar vesle Miøy
som ligg so snau og berr,
kvar gut og kvar ung møy
som hev sin heimstad her.
Om ho er noko naka
so hev eg mange sett
som etter ho vil snoka
og ho eigna til seg lett.
 
Eg liknar ho med møya
som alle vilde ha.
Slik er det og med øya,
kven skal ho no vel ta,
av den rike gromme «Sunnmør»
og den staute Romsdalsmann?
Kvar og ein av dykk eg spør,
so fær dei svara dei som kan.

 

Kor øya gjer det? Spør ho.
Ho hev eit hjarta stort,
ho broderlikt det kliv i to,
og det gjer ho so fort.
Men so kjem konge «Bjørgvin»
og «Nidaros» den store keiser
og blanda seg i striden inn,
dei protest mot einannan reiser.

 

So må då vesle Miøy syna
på nytt sitt hjartelag,
og striden deira tyna.
Då slutt vert denne sak.
Ho måtar, måtar lenge,
gjev kvar ein liten lut,
og alle hev då fenge sitt,
og striden den vert slutt.