Mittetsangen

Bygd: Mittet
Kommune: Rauma
Tekst: Mittet, Bernhard

Bernhard Mittet  (1903-1981)var bygda sin skald og skreiv mange dikt. Han hadde godt minne og kunne framføre dikta sine utan manuskript.
Der Langfjord mellom fjella – som blåe band seg snor,
ligg bygda våre fedre heve rydja.
Og fjella står og vernar ei gamal odelsjord
og ramar inn den fagre Mittetbygda.
Her fann dei i sin kvardag – her fann dei i sin fest,
den beste stad på jorda – den stad dei lika best –
sin heim under kvite bjørkelier.
 
Det ligg ein tråkka plass framom kvar ein gamal gard,
der steinane er slipa gjennom tider.
Dei ligg som runesteinar frå tidene som var,
du høyrer fortidstale når du lyer.
Her stod dei våre fedre – såg same fjell og nut,
og her dei ifrå heimen til sist vart borne ut,
mens syrjesongen båra gjennom dalen.
 
Så gjev at denne bygda som me får kalla vår,
om slekter fell – må slekter atter leva.
Så gjev at våre born gjennom tidene som går,
her inne finn si rette arbeidsgleda.
Då veit eg Mittetbygda i framtid og vil få,
så lukkelege heimar om me må falla frå,
og signing vil arbeidet gjeva.