Min vokstergrunn

Bygd: Romsdal
Tekst: Hovdenak, Gudmund
Kjelde: Jul i Romsdal 1999 s. 15

 
Inni desse mørke botnar
og i desse tronge skar
mellom ville gråsteinsjotnar
fekk eg merg og voks meg hard.
Ja, for kvart eit sårføtt steg
lærte eg å verte eg.
 
Men i månebleike netter
vart det mjukt, mitt harde land.
Dogga fall på grøne sletter,
bårer kviskra stilt mot strand.
Aude vidder utan veg
lokka lengten fram i meg.
 
Når eg såg det harde, ville
vart eg modig, sterk og varm.
Møtte du meg mjukt og stille,
vart eg rik, men endå arm.
Romsdal, du gav meg din song,
hard og mjuk på same gong.