Midsundsong

Bygd: Midsund
Kommune: Midsund
Tekst: Opstad, Anna
Melodi: Vi ere en nasjon vi med/ av Gretry

Skrive til kretsmøte Møre og Romsdal
Sanitetslag i Midsund 1974.


Ein krans av øyer her du ser
der fjell mot himlen blånar,
og gardar, grender mange er
der fjell mot stranda skrånar.
Her folk har budd fra gamalt av
har dyrka jord og reist på hav,
som første menn let kursen stå
til havs med fiskevoner.
 
Den inste øya Tautra er,
i sagasus ho smiler.
Ein bautastein ved sjøen står,
der fortidsminner kviler.
I sør du ser den heile lei.
Her rasta Håkon Herdebreid
og speidande omkring seg såg,
før han til Sekken sigla.
 
Og Midøy med sin Bløkallnut,
ein varde der oss minner
om tid som var, men no er slutt.
Her strevsamt folk du finner,
som byggjer heim i tru og trygd
der fedrene har rudt og bygt.
Om båten støtt vert vegen ut,
oss bru her saman binder.
 
Sjå lenger ut du Magerøy finn
med grøderike gardar.
Når storm fra havet der kjem inn,
er ikkje fjell som vernar.
Men bak seg har dei Otrøys rygg
det gjev ei kjensle god og trygg.
No har ei bru dei saman knytt
så båten sin dei sparer.
 
Det Otrøy er som ruvar mest
i «Midsund Kongerike»,
med fjella høgst og toppar flest
og dal og vidder slike.
Der vinterdag vi går på ski,
og tur i fjell ved sommarstid.
Her strender fin for badegjest
har øya’n utan like.
 
Ved Romsdalsfjord vår heimstad er
den vil vi verne, trygge.
Så fin ein stad du sjeldan ser,
på fedregrunn vi bygge.
Her sjø vi har der fisken gjeng
og voksterjord til grøne eng.
Ja, øya’n våre er oss kjær,
dei gir oss trivd og hygge.