Mardalsfossen

Bygd: Mardalsfossen
Kommune: Nesset
Tekst: Øverås, Håvard

Skrive 30. mai 1921
Fagrare foss hev eg aldri sett
enn denne eg ser ser her i kveld,
og talar det gjer han med ned han dett
fraa knausen der høgt oppi fjell.
 
Villare gut paa so vill ein veg
er vondt nok aa finna paa ferd
og maalet han talar, det elskar eg
og minnest det kvar eg so er.
 
Solbrand i synet han hev i kveld
den kåtaste karen paa jord!
for skumet det baarar og skin som eld
naar ned han seg stuper mot fjord.
 
Væta ho ryk uppi lause luft
som skodde i logande brand,
og velter seg vilt ned i kalde kluft
som kjøler den elden som rann.
 
Røyken han stig att fraa svarte svad
og skin uppi skinande sol!
Han braglar med blodlet den dansen glad
som sol uppaa fjellvidda ol.
 
Songen han susar i solmett luft,
og sig over fjella med sukk. –
Og alltid eg høyrer paa heimetuft
ei blanding linnhøyrde klukk.