Kyrkja vår er heilag

Bygd: Bud
Kommune: Fræna
Tekst: Tone Kristin Bergseth
Melodi: Tone Kristin Bergseth
Kjelde: Bud kyrkje 300 år / utgj. Bud Sokneråd 2017

Ein jubileumssalme. Bud kyrkje 300 år.


Eit hus vart reist i bygda vår,
det står så traust, bak våre naust.
Med form av kross, den minner oss
om håp og tru, for oss i Bud.
Ref.:
For kyrkja vår er heilag,
den gir oss kraft i storm og nød.
Den viser oss Guds kjærleik
som styrker oss igjennom liv og død.
 
På søndag kyrkjeklokka kling
KOM! - om vårt alter slå ein ring.
Vi høyre får Guds eige ord
- og brød og vin ved nattverdsbord.
 
Med undring kjem vi i Guds hus
Guds blikk ser ned - vi kjenner fred.
Vår bøn og lovsong stig no opp
- eit orgelbrus - eit himmelsk sus.
 
Det er ei tid; ei tid for alt
- for sorg, for dans - for glede, glans.
Her møtes vi til vigsel, dåp,
til gravferd - og får trøyst og håp.
 
I tunge stunder er ho der
med rom for alt - alt som gikk galt.
For vi kan komme som vi er
vår Gud er med - har oss kjær.
 
Vårt kyrkjeår, det går sin gang
- først advent, så kjem julesang.
Før faste, påske, pinsetid
- der Heilag Anden liv vil gi.
 
Tre hundre år, heilt til i dag
har kyrkja stått i mange "slag".
No står ho framfor oss så fin
- så flott å sjå - slik skal ho stå.