Ja no er sumar

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Øverås, Håvard
Melodi: kan synges til Mens Nordhavet bruser
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdalen / Red. Bersvein Leirvoll

Skrive 10. mai 1920.


Ja, no er det sumar i Eresfjord
med blomenger og grønkledd jord.
Og no er det sol over dal og fjell
og fuglane kvitrar i svale kveld.
 
Ja, no er sumar, og bredar brenn
med skin av gull over fager grend;
og bekkene aukar i sol og dag
og fløder mot fjorden i skumkvitt jag.
 
Ja, no er det sumar og gauken gjel
frå tidleg morgon til midnattsbel.
So herleg ein sumar han aldri såg,
og difor er gauken i år so fjåg.
 
Ja, no er det sumar, og svale vind
som kjærleg leikar om varme kinn.
Og blomane nikkar so blidt på strå
og over dei kvelver seg himmelen blå.