Isfjord

Bygd: Isfjorden
Kommune: Rauma
Melodi: Mens Nordhavet bruser av M. Ibsen

Forfattar av songen er ukjend. Else Marie Sæbø skriv: "Me helsar deg Isfjord" skreiv eg av frå eitt eller anna den tida eg studerte i Oslo. Eg veit ikkje kven som har laga den, heller ikkje om det er laga melodi til den.

Edmund Søvik skriv:
Ein av isfjordssongane som hadde dukka opp i seinare år er: Me helsar deg Isfjord -  Då eg såg gjennom historikken eg har skreve om Losje Vengetind, fann eg i avisa Varden frå 1928 ein "original" som isfjordssangen er henta frå. Der har eg skreve av 2 vers. Forfattaren er framleis ukjend, og EH er truleg den som har skreve inn diktet i avisa Varden.
 
Sjå og Romsdalsdikt


Me helsar deg, Isfjord, av heile vår hug,
vår heimstad so ven og so stor,
med fossar og elvar og dalar og skog,
din himmel, din fjord og di jord.
Dei snøklædde skogar og bøar og fjell,
naturen i heile ditt naturvæld.

 

Me elskar deg, Isfjord, og gjev deg vårt ja
i arbeid på sjø og på land.
Me fridom og rett mellom folket vil ha,
då knyter seg brorskapens band.
Mæl høgdi av fjellet og djupni av fjord
i tanke, i tru og i ord.

 

Me stemner då fram i den tru, i den von,
me lærer å likjast på deg.
Og difor so skal då vår dotter og son
få rikare framtid for seg.
Det maner til frihug og stordom i sinn,
og frihugen veks og han vinn.

 

Me helsar deg, Isfjord, med fjell og med
di stupbratte lier og steinute strand.
Eit stykke av Noreg og langt i mot nord,
vår hug du då kveikjer i brann.
So fram me vil ganga og oppover
for høgre og høgre å nå.