Innfjords-songen

Bygd: Innfjorden
Kommune: Rauma
Tekst: Bø, Mathilde
Melodi: Sønner av Norge av C. Blom



Innfjord vår heimbygd så fager du ligg der,
fager når snøkåpa femner deg inn.
Fagrast når vårsol forgyll dine toppar,
og granskogen susar så sakte i vind.
Steile står fjella og liene stupbratt,
Skolten seg reiser frå fjorden mot sky.
Finnan og Kollen og Nøsa dei kneisar
rundt omkring bygda og gjev oss godt ly.
 
Gardane  ligg der så velstelte grøne,
buskapen drøymer om fjellbeita grøn.
Eldgamle skikkar på dei vil me gøyme,
verna om heimen med truskap og bøn.
Innfjord vår perla blant perler i Romsdal,
drøymande ligg du i høgsumarnatt.
Høgreist og fager når Nøsåna brusar,
og Storelva aukar med våren si fart.
 
Eldgamle gardar og tufter mosegrodde,
kallar og vinkar oss vidare fram,
rydja og dyrka der ingen før bodde,
tørn vil me taka både kvinne og mann.
Kyrkja vår stod her, ring og lita var ho,
mangla nok «Domen» si ynde og prakt,
lell kalla klokka i sorg som i glede,
i arv frå våre fedre me heldt ho i akt.
 
Men kjære vår heimbygd me kom oss med tida,
kom berra no skal du kyrkja vår sjå.
Om ikkje «Domen» den strålar i mot oss,
er det ei glede me dit kan få gå.
Må den få verta ein visar på vegen,
framom alt anna me prisar på jord.
Vår kultur, vår hugnad, vår arv gjennom tider,
lat tårnet få peika som rettleiingssnor.