Innfjorden

Bygd: Innfjorden
Kommune: Rauma
Tekst: Bø, Gunnar
Melodi: Blåveispiken



Eg gjeng og ruslar i Skjelbostlia,
på breie vegar er fint å gå.
Då var det anna i gamletida
kun smale stegar å traske på.
 
Og auga ser over fjord og strender,
på bratte lier og høge fjell.
På hus og heimar i fagre grender,
som ligg så fredfullt i bakkehell.
 
Det kvitrar rundt meg frå tre og toppar,
frå mange strupar opp imot sky.
Ja, tre og blomar med brustne knoppar
dei atter opna seg har på ny.
 
Det syd og brusar i alle lier
av elvar, bekkjer og grøver små.
Mot dal og fjorden dei alle iler,
dei tenkjer berre å målet nå.
 
Mot blåe himmel seg fjella reiser,
med kvasse tindar, med berg og nut.
Kven er det av dei som høgast kneiser?
det er nok Finnan som skil seg ut.
 
Må allting leggja seg vel til rette
så folk kan byggja og arbeid få.
Og saman bu utan strid og trette,
som gode vener på vegar gå.
 
Når sola dalar det byrgja glima
som gull og kopar på høge spir.
Det skin og blenkjer på andre sida,
alt liknar mest på eit eventyr.
 
Den varme gløden som sola sender
har kome like i hjarta inn.
Ein takk eg føler til skaparhender,
ei gledeståre den vegen finn.
 
No dimma sig over bygd og grender
og dagen hellar, mot kveld det går.
Ei stille bøn eg mot høgda sender,
for heim og kjære, og bygda vår.
 
Innfjorden du er bygda mi,
her vil eg leva all mi tid.
Her vil eg byggja, og få bu,
og vera deg så tru.