Hylling til Miøy

Bygd: Miøya
Kommune: Midsund
Tekst: Nygård, Emma
Melodi: Å Vestland, Vestland av Sigurd Førsund

Kan og syngjast på melodien "Jeg er havren"


Langt ut og sør av Romsdalsfjord der ligg,
ei lita øy, med fjella høg og trygg.
Miøy ho heiter øya der vi bur,
ho fager er for oss kva enn du trur.
 
Her ligg ho med si stolte tinderad,
ved solargry, mot kveld ved solarglad.
Ho speglar seg i sjøen blank og blå,
om vinteren med snødekt krune på.
 
Om fjella no er nakne og litt grå,
med tida skal dei klede på seg få.
Lat unge krefter setja viljen inn,
då vert her skogkledd både lid og tind.
 
Som krans kring øya heimane er lagt,
og Bløkalltoppen står med vardevakt.
Han minner om ei tid som har gått ut,
då ufredsbodet kom frå høge nut.
 
Men ofte i den myrke vinterstid,
går stormen vill, og er slett ikkje blid.
Han herjar mellom hus og skogens trær,
og båra slår opp over vik og skjær.
 
Men kom til øya vår ein sumardag,
når sola skin, alt har sitt bjarte lag.
Og enga har sin grøne klednad på,
med fagre blomar mellom stubb og strå.
 
Kven kan vel nemne alle fuglar her,
som har sitt reir i lyng og stein og trær.
Dei kvitrar glad og kved så høgt i kor,
ved lid og tun og strand og djupe fjord.
 
Ja, Miøy, Miøy når vi ser deg slik,
i tankane vi vert så varm og rik.
Vi verna vil om deg vår fagre øy.
Her vil vi leva, ja, her vil vi døy.