Hyldningssong til heimbygda

Bygd: Eidsvågen
Kommune: Nesset
Tekst: Øien, Johanne
Melodi: Rolf Hindhammer/ arr. Knut Anders Vestad
Kjelde: Folkeliv og tradisjon i Nesset / Ola Hola . B. 2. - s. 409-11

Johanne Øien arbeidde i mange år med dette diktet, men mangla det første verset. Men ein gong ho sat oppe på Grønfjellet og såg utover det imponerande landskapet, kom det manglande verset mest av seg sjølv. Diktet vart trykt i Driva. I 1999 laga Rolf Hindhammer melodi til det, og dermed kunne Hyldningssong til heimbygda presenterast. Det må nemnast at Hindhammer si oversskrift på notebladet var "Hyldingsdikt til heimbygda".


I ly av fjell som speglar seg i Vågen,
du ligg så trygt vår kjære Eidsvåggrend.
Med grøne vollar, fagre tun og heimar,
og skog og ly der elv og fossar renn.
Og attom Grønfjell - gløymde seterstølar,
og slåttemark der våre fedrar sleit.
Og fiskevatn med gode mé og hølar,
ved Kleppvassholmen alltid auren beit.
 
I bygda her kring Vågen stod vår vogge,
her vart me sulla sælt av far og mor.
Og best'foreldre kunne gråten stogge,
så mang ein gong med mjuke milde ord.
Til kyrkja vart me alle tidleg bore,
og kristna under bøn og salmesang.
Fekk namn i livsens bok og barnekåret,
og signing, orgelbrus og klokkeklang.
 
Her levde me dei gode barneåra,
i nøysomhet og lydnad kvar ein dag.
Med leik og moro etter gamle skikkar,
og samkvem kring i grend og grannelag.
Til arbeid måtte handa tidleg vennast,
å gjera nytte - det var livets krav.
I heim og skule fekk me læra gudsfrykt,
fekk veksa opp i barnetrua trygt.
 
Litt trugande og trongt det vart omstunder,
for Bjørnstjerne, den gjæve Eidsvåg-gut.
Som undrast kva som var bak høge fjella,
og lengta langt herfrå og ut - ja, ut!
Endå han hadde Solbakken i sikte,
var Synnøve sin glade barndomsvenn.
Men utferdstrangen tok han - og han reiste,
sidan kom han sjeldan her igjen.
 
Slik har det gått med mang ein eidsvåganer,
som syntest bygda heime var for trong.
Dei drog sin veg, vart gjerne amerikaner,
laut streva hardt der borte mang ein gong.
Dei fekk seg store farmar - kveiteåkrar,
og dalar over havet kom frå dem.
Men einkvan gjekk seg vill i framandlandet,
fann aldri leia att som førte heim.
 
Men me som grodde fast i barndomsbygda,
såg ingen stad så fin og god ei grend.
Og ingen stader hjarte slik seg roar,
som her me kjenner all og er kjent.
Og om me stundom ut frå bygda vankar,
finn vener, trivd og mang ei gledestund.
For kjære Eidsvåg varmt vårt hjarte bankar,
og lengtar heimatt til vårt fedretun.
 
Her streva dei så trutt dei farne slekter,
for heim og born og gamle mor og far.
Ein trong 'kje ottast heimanfrå å fare,
om ein vart både krokut, klen og rar.
Fekk rusle fritt kring eng og gyldne åkrar,
som dei i yngre dagar hadde rudt.
Og visste vel at oppå låvelemmen,
stod kista dei fekk kvile i til slutt.
 
Med takk og heider minnest me dei gamle,
som gav oss denne fagre stad på jord.
Dei grunnen la på kristne tradisjonar,
fekk visdom av vårt arvegods - Guds ord.
Gud signe dei som framleis bur og byggjer,
og dei som styraransvar er lagt på.
Så dei med rett og sanning folket tryggjer,
i lukke vil vår heimbygd bløme då.