Høgsumar i Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Truls (Trond Utigard)
Kjelde: Unge Romsdal 1932, s. 209

Sjå soli stig yv fly og fjell
og gyllar lidi, dal og deld
og livar upp i grendom.
Og røyken upp frå pipom stig
med skuggen seg i jordi dreg,
og sjøen smyg langs strendom.
 
Det er ein livsens sigersong
ein livsens jubel kvar ein gong
når sol yv fjellet glyttar.
Når soli frå sin høge kvelv
alt laugar i si stråleelv,
då jublar dal og vidder.
 
Då kjennest ho, den friske milde luft
som lette åndekyss på panne og på bryst.
Å; alt det grøne hy som soli fram att vermer,
og alt det yre fly som kvervlar rundt i svermar.
 
Og so det sære liv i lauvet og i lyng,
det krabbar og det krek, det jublar og det syng.
Ein livsens harmoni med varme glædebylgjor!
Ja, verdi ho er ny, ei brur i krans og syljor.
 
Og gleda stig og gleda svell og hjartat mitt er reint påstell,
her er eit paradis på jord, ei hugnadstund um livsens bord!
Og det tonar og du jublar,
rytmen byljar gjenom blodet.
Kvitring stig frå tusund fuglar,
suming upp frå blom og gras.
Gjenom dalen lufti sitrar
åndelett av linne omen,
kvitt i fossefall det glitrar,
kåte skumsprøyt kysser blomen.
Og eg kysser heile verdi, jublar, kysser tid og æva,
og eg ropar: Er kje ferdig, dette lyt eg upp at liva!
 
Ljust det nynnar livet um meg
i di milionar blomar, i det grøne lauv i lidi
i all fly som um meg summar.
Tirande i myknikt livsstrå upp mot soli ned mot jordi,
i ein dans så ven og hugtrå, annsemd inn i livet bore.
 
Blåe tindar, gylte bredar rad i rad um Romsdalsbygdom
speglar seg i blåe fjordar i sitt solskinnslaug frå høgdom.
Og av bøen doggi eimar, regnbogfarge framfyrr fossen,
på ein furutopp ein songtrast slær si trille burti åsen.