Heimstaden min

Bygd: Husøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Nils Husøy
Kjelde: Ord ved hav

Husøya, Husøya heimstaden min,
kjæraste øya eg kjenner.
Her er min heim og her eg finn
fedre og kjæraste venner.
Øya og folket er meg kjær.
Om eg er borte eller nær
støtt i mitt minne du lyser.
 
Vakker er øya frå barndommens år,
lyser so klårt i mitt minne.
Folket som lever i harde kår
ber eg i hjarta mitt inne.
Tonen frå heimen i leik og song
møter meg att so mang ein gong
kvar eg enn vankar i verda.
 
Her i min heim eg levde sæl,
kjærleiken verna og varma.
I motbør og storm, i storbåra fæl
då kjenner eg mor sine armar.
Der vart det kveikt ein heilag eld
med varmen som varer til den kveld,
då eg frå verda skal fara.
 
Signe oss Gud, og øya vår,
verna om folket her ute.
Skal me enn leve i harde kår,
siglande livsens skute.
Styr då vår stamn so lei me finn
fram til din lyse himmel inn,
før våre dagar tar ende.