Heimlengt

Bygd: Sekken
Kommune: Molde
Tekst: Storvik, Olav
Kjelde: Unge Romsdal 1935 s. 338

Sto fyrste gong i Mjølner, lagsbladet til Sekken Ul.
Å, min tanke du må vende
heimatt til Sekken, til heimbygda kjær!
Leid du med varleg og stille attende
heim frå den stad der langt ute eg fer.
Heimstaden enno til hjarta mit talar
Tanke – du kjenner min innerste trong.
Leid du meg no over fjell, over dalar
dit der eg leika som liten eingong.
 
Lat i tanken eg få leva
uppatt dei dagar då liten eg var.
Då eg på barnevis kava og streva,
dansa og leika kring mor og kring far.
Den gong då lite om livet eg visste
fagraste livet det åtte eg då.
Ukjend var då alt det tunge og triste
aldri var himmelen skya og grå.
 
Inne i den vesle stova
kunde det hende at plassen var trong.
Verda ho kalla, og rikdom meg lova,
lokka meg ut ifrå heimen eingong.
Eg vilde burt ifrå kåra so magre.
Lukke og rikdom det aldri hev blitt.
Verda ho sveik sine lovnader fagre,
motgang og sorger eg møtte so titt.
 
Skal eg langt frå mine kjære
vanke omkring til mi livssol gjeng ned,
tanken då altid der heime vil vere.
Og det vil gjeve meg lindring og fred.
Heimstad! Du gav meg det rikaste beste
av det som verda kan gjeva til meg.
Stå for mitt syn når mitt auge vil breste.
Å!  - eg vil heimatt! Vil heimatt til deg!
     
Å! – min tanke du må finne
vegen til Sekken, til heimbygda kjær.
Derfrå hev eg det ljosaste minne,
og det vil fylgje meg kvarhen eg fer.
Heimstaden enno til hjarta mitt talar.
Tanke – du kjenner min innerste trong.
Leid du meg no over fjell, over dalar
dit der eg leika som liten eingong.