Heimbygdssong for Nesset

Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Kjelde: Lovsongtonar / Einar Helde. - 2007

Skriven 2001
I Romsdal mellom høge fjell
der Mardalsfossen mektig fell,
og Aura, Eira, Visa renn
igjennom gard og grend,
har nessetgjelding heimen sin.
Ei vårsol blank på brear skin,
på Kleneggen og Skjorta brei
og tindar langt av lei.
 
Her streva folk i tusen år,
braut jord og pløgde haust og vår.
Det føde vart til folk og fe
frå åker, eng og tre.
Folk karda ull og spann og vov.
Til jakt og fiske var det lov.
Slik heldt dei liv i flokken sin
på ættegard så fin.
 
Her levde Bjørnson barneår,
og Arne og Synnøve går
med kjærleikssorg og utferdstrong
i lengt så mang ein gong.
Om kvardagen kan vere hard,
dei dyrkar godt sin odelsgard.
Dei strevar trutt med all sin flid
i von om framtid blid.
 
Dei unge slekter som veks opp,
dei prøver nå ein høgre topp.
Men dei som her sin heim har bygt,
har fått det godt og trygt.
Vi gjer vår plikt, set småe krav.
Snart livsens stormar stilnar av.
Vi lærte ta ein dag om senn,
og veit ny livssol renn.
 
Frå Aursjødam til Gussiås bru,
frå Goksøyra til Vasstindbu,
ved Langfjorden og Tingvollfjord
vi finn vår fedrejord.
Vår kulturarv vi verne må,
og stundom vi i strid må stå,
for framgang, fred og gode kår
i heimkommunen vår.