Heimbygda mi

Bygd: Vågstranda
Kommune: Vestnes
Tekst: Elevar ved Straume skule 1949
Melodi: No livnar det i lundar / L.M. Lindeman
Kjelde: Heimbygdsalbum / Straume skule. - 1949



Her ligg ei bygd her inne
ved breie Romsdalsfjord.
Ho ligg so vent og smiler
med Sekken imot nord.
 
Mi heimbygd ho har mange
av store, høge fjell.
Dei reiser seg so stolte
mot høge himmelkvelv.
 
Eg aldri vil ho gløyma
mi fagre heimbygd kjær.
Og minna vil eg gøyma,
dei kjem meg alltid nær.