Harøy vår heimstad

Bygd: Harøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Myklebust, Erna
Kjelde: Ord ved hav

Ser deg om kvelden når solauga gøymer
stilt seg i havet ei stund og vert natt.
Ser deg i kveldsblåe dis der du drøymer –
ventande, til du finn dagen din att.
Soldagen laga eit dikt og ein draum
her i sta før han svann.
Skjelvande still sto ein kveldshimmel
måla i gull og i brann.
Harøy vår heimstad.
 
Båremild haustdag, med holmar i hildring.
Grågåsferd no, i den hauststille fred.
Trea dei maktar kje halda på lauvet,
takkar ein sumar - legg lånet sitt ned.
Låner ein øyra til kveldsstille myrer,
er som du høyrer den sprøaste sang.
Berre som draum kanskje – likevel tonar,
tone frå myra sin lyngklokkeklang.
Harøy vår heimstad.
 
Ser deg når storstormen vintervandt svingar
stormharpa si over holmar og hav.
Utøymde krefter er ute og dansar,
skumsprøyt og vind i eit einaste kav.
Gulkvite hender i villskap mot fallgard
målbatt kvart mannsmot i herjing så vilt.
Tok alt du krevde, men gav og tilbake
helst når din tone og song lydde mildt
Harøy vår heimstad.
 
Vårdag i fjøra når solglitter brisen
leikar til småbylgjeskvulp inn ved land.
Og over austfjell ein meister har gylla,
måla ein morgon i gull og i brann.
Flyttfuglen kjem no – med skvaldrande lovsong,
groeim frå mold, røyk frå bråte i sta.
Skimmer rundt lauvtre, som svanger av knoppar,
står i ein vårdag og ventar seg blad.
Harøy vår heimstad.
     
Født til eit havfolk – ein bit av eit havland
knausar og lyngmoar, tare og skjell.
Skrikande måsar og nordavindsbrusen
vissaste songen ved vogga om kveld.
Legg ein frå landet ein ofte finn heimatt,
ankrar vår båt ved den heimlege strand.
Trør i dei stega som slektene trødde.
Høyrer det syng i dei mjukaste band.
Harøy vårt heimland.