Frena-sangen

Kommune: Fræna
Tekst: Fladmark, Ola
Melodi: At far min kunde gjera
Kjelde: Unge Romsdal 1936, s. 199



Her bygde vikingnetter
i Frenas gamle jord.
Her i dei ljøse netter
dei kvilde før dei for.
Her fedre trugne kjempa -
so vonlaust mong ein gong.
Her mødre sorga dempa
med heimsens glade song.
 
Her gut og gjente bygde
i fjøre og i skog
sitt draumeslått som skygde,
so vidt som bylgja slog.
I fjord gjekk sølver stimar,
av torsk og sei og sild –
I stille nattetimar
låg bygda kyrr og still.
 
Her ligg i jomfrutankar
dei vie vidder end
og ungdom kjem å bankar,
der lyng og eine stend.
Med hakke og med spade,
snu torv i myr og koll
og byggja hus og lade
og sår i gjødsla vold.
 
Eingong skal Frena lysa
som fagrast eventyr,
og tusen unge hysa
der no er stein og myr.
Og fagre draumar skjelver
i gylne havre-neg.
Og himlen rein seg kvelver
om heim på heilagt sted.