Finnøy

Bygd: Finnøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Vigerust, Trond
Kjelde: Ord ved hav

Skrive 9. desember 1909 av Trond Vigerust frå Dovre-traktene, som var omreisande talar i ungdomslag.
Det gryr av dag – desemberdag,
eg høyrer faste hammarslag
og motordur på sjø og land
og fugleleik kring logne strand.
 
I vestanvind og solskinver
eg ser kor havet bryt mot skjer.
Det frøser kvitt – det stillest av
ja, dette sterke, tunge hav.
 
Å vesle Finnøy, folket ditt
det er så nærskyldt folket mitt.
Ja, hav og fjell kan einast åt,
det er som smil igjennom gråt.
 
Her der det fredelig, stort og fritt
slik er det ogso fjellet mitt.
Å fagre Finnøy – takk for meg,
eg må so lenge minnast deg.