Eresfjordvise

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Eresfjording
Melodi: Dei gamle fjell i syningom/trad. Ivar Aasen
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll. - s. 15



Her er det fjell som stig mot sky
og ringar bygda inn.
Her er det tindar som gjev ly,
men endå er det vind!
På Åse blæs det slik at du
kan verta reint forstøkt!
Ein vinterdag med rennefok-u!
då er det stundom stygt!
 
Men kom i Eresfjorden inn
ein fager sumardag!
Då er naturi ven og linn
og av eit anna slag.
Då angar det av mark og blom,
då susar det av skog.
Då går det fjell-imellom om
so du vert glad i hug.
 
Då ser du lidi klædd i lauv
innunder fjellet bratt.
Og under bjørk står rosa raud 
og lær mot kvar ein knatt.
Då hoppar bekken fonni ned
og gøymer seg i urd.
Då hoppar småe lambi med
i vårfrisk, fin natur.
 
Då renn det sol på Goksøyrtind
so auga ditt vert glad.
Å, aldri såg eg slikt eit skin
- nei ingen, ingen stad!
Då strålar det av lauv og gras
so marki er forgylt.
Å, aldri såg eg slik ein stas
av perlor overfyldt!
 
Då ser du Husbysætri grøn.
Ho lær i sumarsol.
Då ser du ned på klåre sjø'n,
men elva ligg i skjol.
Ho renn i Siramoen djup
av greiner overskygd
og nedfor bratte bakkestup
og liksom overbygd.
 
Men kjem du upp på høge støl
so ser du bygda flat
og Eira med sin djupe høl
i sumarsoli lat
og Bjørbakk, Nauste, Syltebø
og Solhjell i ein krans.
Og vollar under tinden sto
der fjellet ropar "srans".
 
Men kjem du endå lengre upp
so ser du Åse og.
Og under Sjødøla sin kropp
ligg  Vatnet med sin våg.
Der er det strand som synnest grøn!
Ja det er Meringdal.
Der kan du sigla ut på "sjø'n"
når vinden luftar sval.
 
Kva skal eg segja. Det er so
eg inkje segja tarv.
Her talar bygda med sin ljod
og dagen med sitt starv.
Her nynnar bekken på eit ord
som heile bygda veit.
Det ordet heiter Eresfjord -
min ungdoms kjærlegheit!