Eresfjord

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Stenbro, Astrid
Melodi: Blandt alle lande/ H. Matthison-Hansen
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll. - s. 13



Blandt fagre blomar i sør og nord
det blømer fagrast i Eresfjord
dit som i tankar
eg tittar vankar
enn nokon trur.
 
Der hev eg heime - der er den stad
eg høgst i livet må halda tå
for ungdomstida
vert aldri sia
kva der ho var.
 
Vinter, sumar og haust og vår -
dit heim dei fagraste draumar går.
Der er den stengsla
som fast meg fengsla
på denne jord.
 
I vide verda du vener finn
som gjerne trøystar eit såra sinn.
Dei gjer sitt beste
dei aller fleste
og gjer deg glad.
 
Og gleda finn du so mang ein kveld.
Men når du einsam i tankar fell
då kan det hende
du ser attende
kor tomt det er.
 
Ja, sikkert djupt i ditt eige sinn
du same higande lengsel finn
når du åleine
i kvelden seine
er langt frå heime.
 
Ei helsing sender eg so tilslutt
åt kvar ei jente og kvar ein gut
åt ungdomsvenner
som vel eg kjenner
og tenkjer på.