Eit dikt

Bygd: Miøya
Kommune: Midsund
Tekst: Opstad, Anna

Dette diktet vart skrive av Anna Opstad i 1930. Ho heitte då Anna Bjørnerem
På Miøy hev me heimen vår,
og der so trutt me strevar.
Kvar dag som er i det lange år,
me alle vil bruka våre nevar.
 
Dersom me vil ha hugnad og hyggja,
må me alle samstemde stå.
Skal me noko op få byggja,
må ’kje nokon gå ifrå.
 
Her fjorden han ligg so fager og blå,
og fjella reiser seg høg og bratt,
der er vel snautt eit tre å sjå,
berre fjellsida grå og glatt.
 
Men fjellet likevel fagert er,
når det speglar seg i den blåe fjord.
«Blåkalltuva» høgst på ein ser,
og ein steinvarde der so stor.
 
Der oppe vidt ikring ein ser.
Ein skodar ut i havet der mot vest,
ser båra rulla høgt mot skjera der,
å greida seg der ute er ’kje best.
 
Men det er fagert dit å sjå,
ein kveld når det er stilt og fint,
med same sola vil i havet gå,
og vinden svalar oss so lint
I aust der ser ein berre fjell i fjell,
som himlen sjølv so blå.
Aa - nei, det er vel fagert lell
ei kruna kvit av snø å sjå.
 
Nedfyre oss ligg bygda fin,
langs med den nakne strand.
Ho so fager mot oss skin,
som det sjølve eventyrland.
 
Eit hus me skodar der so kvitt,
det ungdomshuset «Fredheim» er.
Der samlast ungdomen so titt,
og leikar seg det gjer dei der.
 
Ja, ungdomsmøte og festar der dei held,
stundom ein og annan gong,
so er dei der kvar sundagskveld,
og trøyter tida då med leik og song.