Ein vårmorgon på Veøy

Bygd: Veøya
Kommune: Molde
Tekst: Neerland, Erling
Kjelde: Jubileumsbok for Holm, Rødven og Veøy kyrkjer s. 34

Eg tek ut færingen ein morgon. No veit eg kvar eg ror
for sola skin på Heilag-øya og spreier gull på fjord.
Og båten ber med ut til Staden. Min lengsel venger får:
Å finne der i dine hagar din løyndomsfulle vår.
 
Omkved:
Eg ser deg Veøy sveipt i gull og dine strender av perler full
og hjarta bankar i barmen som harpeslag.
 
Så skurar båten min mot tangen, og eg stig stilt i land.
Så godt det er å kjenne angen av sjø og urørt strand!
Så løyndomsfullt alt er her inne! Høyr fugler syng i lund
med englerøyst som skal meg minne: Du står på heilag grunn!
 
Omkved: Eg ser deg Veøy…
 
Ho er så vakker, Peterskyrkja! Eg meg til henne snur.
I kvite klede kjem ho mot meg, den evig unge brur.
Og eg ser brurmøyar som fylgjer med vår i sine slør,
og høge tre som brura dylgjer med vide vengefjør.
 
Omkved: Eg ser deg Veøy…
 
Så godt å kjenne eg er heime, for kyrkja er vår mor!
Ho gav meg liv i dåpens kjelde i høge kyrkjekor.
Mor, tal det trøystefulle Ordet, som lækjer hjartesår!
Og lat meg smake her ved Bordet din evig nye vår!
 
Eg ser deg Veøy sveipt i gull og dine strender av perler full!
Ditt moderhjarta for meg bankar trufast som gull! Som gull!