Ein takk

Bygd: Romsdal
Tekst: Hop, Lorents
Kjelde: Unge Romsdal 1935, s. 360

Skrive i desember 1935.
Å, kunne eg med fela spela
ut mitt hjartas takk,
so den til høg og lav,
til folkedjupet rakk.
Å, kunde eg med strengeleiken
tolka Romsdalens natur,
i toner mala eit dikt
frå ville berg og ur.
 
Dei sterke fjelles tause språk,
dei blide bygders song,
ein felelåt frå skog og ås,
frå eng og vang.
Då skulde hardingsfelas monge strenge,
djupt inn i hjarterota trenge.
 
Eg lytter til mitt eige sind
der toner der ein slått i sol og vind
i smil og gråt,
ein Romsdalslåt.