Eikesætra

Bygd: Eikesetra
Kommune: Vestnes
Tekst: Ellingsæter, Hanna
Melodi: Det er laurdagskveld og lunt i alle lundar
Kjelde: Jul i Romsdal 1959, s. 7

Eikesætra låg tidlegare i Vestnes kommune
Fram i dalen, der på grøne fine vollar
ligg ei sæter som eg titt må tenkja på.
Kransa rundt umkring av fagre fjell og kollar,
men med utsyn fin som sjeldan er å sjå.
Øy ved øy som lette draumar stig or havet,
lenger ute sola sig i himmelrand.
Sjå dei mange skjer, der båra bryt i kavet,
og det glitrar gult og raudt i kveldsolbrand.
 
Ja, når kveldsol skin og gyller sætervangen
og dei gamle sela som der ligg i rad,
yver heile dalen høyrest bjølleklangen,
fuglesong, og sætergjenter jodlar glad.
Kyrne rautar og mot stølen heim seg rekkjer,
sauer brektar, lamma spring avstad så lett.
Gamle Eikrei utfor fjøsen nøgd seg strekkjer
etter salt på steinen sin, så god og mett.
 
Friske sumarnatta legg seg yver dalen,
dogga ligg så kvit på kronglebjørk og kjerr.
Orren kurrar upp på Myrå ør og galen.
Høyr kor rjupa skrattar heim i lia der!
Yver Urfjell stend ein måne stor og lyser –
sender strålegull ned yver hei og mo.
Og ein draumstill fred no heile dalen hyser,
berre elva surlar litt i søvning ro.
 
Denne stølen han er gamal, so dei segjer.
Her hev skift med sorg og gleda, gråt og song.
Men det gamle trauste Hornet stend og tegjer.
Tenk, um det fortelja vilde litt ein gong!
Frå den tid då oldemor var sætergjente.
Å, eg synes sjå kor stram og nett ho var,
leid til helga då ho smått tok til å vente
på jordaguten frå den gamle ættar-gard.
 
Ho med snørlivskjol og langlur under armen
ned på gamlestølen sprang så fjong og lett.
Og ei sylgja stor som ringla høgt på barmen,
spennesko det var på foten fin og nett.
Og den lange fletta flagra lett i vinden,
augo mildt i lengting heim på Reset såg.
Ho bles i luren så det song i Skjeringstinden –
ned i vegen kom han guten ung og fjåg.
 
Stor og vakker stod han Sæbjørn der ved grinda
inn til stølen der på høge, svale fjell.
Og ho Lisbet kom så frisk og raud i kinna,
helsa kvikk og glad: " Velkomen hit! God kveld!"
Men han Sæbjørn tok ho Lisbet fast i handa:
"Heile vika hev eg lengta til i dag."
Og ho svara, rørt, så knappast ho fekk anda:
"Det var gildt at fineveret stod ved lag."
 
Mang ei "Lisbet" hev nok der på stølen vanka,
og lokka kyrne ned frå Breiskar heim til kvelds.
Mang ein "Sæbjørn" hev nok kjent sitt hjarta banka
for ei gjente i eit sel der langt til fjells.
Slekter kjem og slekter går på same måte,
slik det stødt hev vore, slik det og vil bli.
Men den gamle sætra ligg der som ei gåte,
som eit eventyr um ny og gamall tid.