Eikesdalssong

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Ålmo, Berit
Melodi: Guttorm R. Ulvund/Arnold Farstad
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll, s. 19

 Guttorm R. Ulvund laga melodi i 2025, arrangert av Arnold Farstad


Eikesdal – Eikesdal,
revne i fjellet so trong og smal.
Bortgøymd du ligg millom stupbratte fjell
som stengjer for soli morgon og kveld –
storfagre Eikesdal.

 

Høge nut, høge nut,
kransar dalen i nord og sud.
Ville hamrar med svaberg og urd.
Kjend du er for din ville natur -
storslagne Eikesdal.

 

Myrk og long, myrk og long
tykjer vinteren mang ein gong
sola er burte i månader fire
men ho er sigerviss når ho fyrst kjem –
sola i Eikesdal

 

Vintertid, vintertid,
gut og gjente dei går på ski.
Måneskinskveldar med leik og med styr,
naturi stend som eit eventyr
om vinteren i Eikesdal.

 

So kjem vår, so kjem vår,
fonnar losnar og flaumen går.
Elvar og bekkjer dei sjoar og syng,
fjelli dei grønast med lauv og med lyng –
våren i Eikesdal.

 

Rogn og hegg, rogn og hegg
blømer vart innved bergevegg.
Her veks hassel, alm og or,
Edens hage du finn på jord  -
om sommaren i Eikesdal.

 

Turistar , turistar,
Gjerne hit opp i dalen drar
Hit dei kjem i frå framande land,
fagrare stad ikkje finna dei kan –
enn her i Eikesdal.

    

Ungdomsflokk, ungdomsflokk,
staut og fager det finst her og.
Blømande gjenter med roser på kinn,
ljoslette gutar med livåte sinn –
finn du i Eikesdal.

 

Velstelt gard, velstelt gard,
hev dei i arv etter far og mor.
Gjev dei må leva og byggja i fred
alltid fagrar led for led –
heimar i Eikesdal.

 

Takk for meg, takk for meg!
Aldri eg kjem til å gløyma deg.
Du vil lysa i minnet mitt klart
døyva det som er vondt og sårt –
minnet om Eikesdal.