Eidsvåg-song

Bygd: Eidsvågen
Kommune: Nesset
Tekst: Aarstad, Gunnvor
Melodi: Thorolf Høyer-Finn



Eidsvåg mi heimbygd - ljost ditt andlet lyser,
du millom bygder er perla for meg.
Særlege minner eg i hugen hyser
kvar gong min tanke vil krinsa om deg.

Langfjorden strekkjer ut sin arm den blåe,
fager, men vill når den syner si makt.
Skogkledde lier, fjell så bratte, bråe,
støtt stend ikringom og trufast held vakt.

Eldgamle tun og tufter mosegrodde,
bakkar og vollar om fortid ber bod.
Her våre fedre rydde heim og budde.
Her fann dei trivnad og her slo dei rot.

Tett ned ved stranda høgreist kyrkja standar.
Malmtunge tonar oss kallar dit inn.
Bivrande sjeler der i tryggleik landar.
Fred! lyder ordet til hungrande sinn.

Leikande småborn kringom hus og nover,
veksande krefter [vil] vidare fram.
Eidsvåg [vår] heimbygd i [framtid vi] lover
høgt deg å bera og æra ditt namn.