Bygdesong for Vistdal

Bygd: Vistdal
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Mathilde V.B. Gyllenhaal: Tenk når engang den tåke er forsvunnet



Vår heimbygd er ein fager myrlendt engdal,
og elva Visa gav vår Vistdal namn.
I stride straum ho renn frå Hornedalen,
før Romsdalsfjorden tek ho i sin famn.
 
Frå nord kjem Skarsåna og Batnagrova.
Dei blandar seg med elvar ifrå sør.
Her laks og aure sprett i stille hølar,
der rike engelskmenn har fiska før.
 
Ei mektig tinderad står vakt om bygda,
og opp på Svarttinden kan ungdom gå.
Og det blir sagt at dei som står på toppen,
kan fjord og fjell og kyrkjer sju få sjå.
 
Her kan vi gle oss over fine turar,
for mål er Måsvassbu og Vasstindbu.
Og dersom storm og uver på oss lurar,
så må vi hugse at vi heim kan snu.
 
På Nerland vart eit hov ei kristen kyrkje.
På Myklebostad står ho som ei borg.
Tårn peikar mot vårt mål. Det er vår styrke.
Der samlast vi i glede og i sorg.
 
Snart går i gløymsla Diktar-Anneplassen.
Bård skulemeister var ein fagnamann.
I Bjørnsons bøker var han best i klassen,
høgt respektert, og heiderleg og sann.
 
Den dag i dag står jaktslott her og ruvar,
for velstandsfolk med jakt og fiske driv.
Og namn som Lensmannsgard og Ryttergarden
ber bod om embetsfolk og rikmannsliv.
 
Dei aller fleste må av jorda leve.
Dei dyrkar korn, og gras til sau og ku.
På småe bruk og plassar laut folk streve,
og mange måtte kvar ei krone snu.
 
Før sleit dei alle, over heile fjøla,
og sjukdom kom med mange harde slag.
Folk rodde sildefiske utmed Smøla.
På slåttonn reiste dei til Trøndelag.
 
I langrennsløyper og i friidrettar
gjer idrettsungdom mang ei bragd så stor.
Blant emigrantar som frå dalen flyttar,
er Andrew Nerland. Han blir senator.
 
Dei aller fleste reiser ut i verda.
Her heime kan vi ikkje arbeid få.
Men gode minne har vi med på ferda.
Vi barndomsåra ofte tenkjer på.
 
Ja, når vi rundt i vide verda vankar,
for oss og våre alle streve må.
Vi ofte Vistdal har i våre tankar.
Vi lengtar etter heimbygda å sjå.