Bygdesong for Bogge

Bygd: Boggestranda
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Melodi: De nære ting av Kurt Foss/Reidar Bøe
Kjelde: Tillitstonar / Einar Helde. - 2011

Skriven 2011


Ei idyllisk bygd vi ved Langfjorden ser,
og glade i heimbygd vår vi er.
Frå Breivik i aust og til Spelvik i vest
ligg grender, og her trivst vi aller best.
 
Ei fjellrekke hegnar om bygda så traust,
og Skjorta og Gogsøyra vernar i aust.
Før sola når Nonshaugen, vermer ho best,
og kveldsrøden fargar vår himmel i vest.
 
Ein bog er ei vik med ei sikker hamn,
og Bugge er eldre enn Bogge som namn.
På Tjelle, i Breivik gjekk store ras,
og bølgjer slo båtar og hus i knas.
 
Forfedrar har streva i tusen år,
med dyrking og odling av bøen vår.
Med fiske i fjorden og skogsdrift i li
slik spedde de fleste på inntekta si.
 
Kvar helst vi i landet vårt byggjer og bur,
vi minnest vår heimbygd med vakker natur,
med frukttre i blomstring og fuglesong.
Vi lengtar til Bogge så mang ein gong.