Bygda vår (Mittet)

Bygd: Mittet
Kommune: Rauma
Tekst: Mittet, Bernhard (Jo-Bertel)
Kjelde: Bygdeskalden Jo-Bertel

Bernhard Mittet (Jo-Bertel), (1903-1981) var bygda sin skald og skreiv mange dikt. Han hadde godt minne og kunne framføre dikta sine utan manuskript. Ei samling med utvalde dikt kom ut i 2020: Bygdeskalden Jo-Bertel / red. Bjarne Dahle, utg. Mittetdalen historielag. - 112 s. - ISBN 978-82- 303-47249

I vårljose dagar ligg bygda so fager.

"Skåla" seg speglar i svartdjupe sjø.

Kringom står nutar, som vaktande gutar,

mot kveld vert dei kledde i solgull som blod.

 

Fager er lia, grønt over vidda,

inn over åsar og dalsøkk og mo.

Alt er so fagert i vårljose dagar,

brear som blånar og skin lik som glo.

 

Her har dei leva, her har dei streva

fedrane våre, me ser deira far.

Og dei har vunne, om sveitten har runne

heimar innover, gard etter gard.

 

Ofte i møda, hausta vart føda.

Lell tyktes mykje, kor lite det var.

Trøytte av livet, slik fekk dei kvila,

over frå fortid, til notid det bar.