Syng som folk

«Syng som folk» er ei song- og visesamling som byggjer på romsdalsk tradisjon.

Innhaldet spenner frå lange middelalderballadar til enkle rim og regler. Boka, som er unik i lokal samanheng, kom første gong ut i 1984. Redaktørane Arild Hoksnes og Marit Rekdal valde ut over hundre viser frå eit svært rikhaldig materiale, og Henning Sommero transskriberte alle melodiane og laga notematerialet. På oppdrag illustrerte kunstnaren Paul Gåsøy 10 viser.

Boka har vore utseld i mange år, og Romsdal sogelag er no stolt over å kunne gje ut boka på nytt. Ved dette høvet har Rolf Strand laga ny noteutskriving og ein del opplysningar er supplerte medan andre er retta opp.

2. utgåve 2003

Lydbok:

syng som folk.jpg

ISBN: 82-90169-73-6
100,-