Kåre Magne Holsbøvåg

Stadnamn i Molde kommune

Stadnamn i Molde kommune er ei namnebok heilt utanom det vanlege. I registeret er med meir enn 6200 stadnamn og personnamn.

Stadnamn i Molde kommune er ei namnebok heilt utanom det vanlege.

  • Undertittelen Namn og kulturhistorie viser at når tradisjon, segn eller soge er knytt til eit namn, er dette dokumentert.
  • Alle matrikkelgardane i Molde kommune er med, 135 i talet.
  • Rundt 6000 lokale stadnamn på land og sjø er notert, tolka og kartfesta.
  • Mellom 3 og 4000 av desse namna har aldri stått på eit trykt kart før.
  • Kartdelen åleine utgjer heile 100 A-4-sider.
  • Det er brukt gamle og nye fotografi frå alle delar av kommunen.
  • Over 130 namngjevne informantar har bidrege med munnlege og skriftlege opplysningar, og både nasjonal og lokal litteratur er gjennomgått.
  • I registeret er med meir enn 6200 stadnamn og personnamn.
  • Det tok forfattaren 20 år frå innsamlinga starta til boka vart ferdig.

Bokskrivaren, Kåre Magne Holsbøvåg, f. 1946, er cand. philol. og han har arbeidd med stadnamn meir eller mindre heile sitt vaksne liv. Han har før skrive boka «Tuss og troll i stadnamn» (2006) og forfatta over 50 større og mindre artiklar om mange ulike emne.

stadnamn i molde.jpg

ISBN: 978-82-90169-94-2
Kr 375,- (medlemspris kr 325,- + porto)