Odd Sørås

Romsdalslandskapet

Då forfattaren byrja å leite etter romsdalsmotiv hos kjende norske kunstnarar, hadde han ikkje venta å finne så mange. Det romsdalske landskapet blir ikkje så ofte utstilt i kunstmusea eller gjengitt i kunstbøker. I denne boka finn du eit breitt utval av romsdalsmotiv sett med augene til eit kvart hundre kunstnarar på 1800-talet som kvar på sin måte var på oppdagingsferd i norsk natur.

Her er vår store meister J. C. Dahl, som måla Trolltindane usett. Her er eleven og arvtakaren Thomas Fearnley, som leid seg gjennom den kalde og våte sommaren 1836 og likevel skapte ei imponerande rekkje av store og små måleri og teikningar frå Romsdalen. Godt representert er Eckersberg, som meir enn nokon annan har etablert Romsdalshornet som sentralt motiv i norsk landskapskunst, og Hans Gude, som hadde to fruktbare sommaropphald i Romsdal.

Og sjølv om dette er ei bok som skal vise verk av dei profesjonelle og anerkjende kunstnarane, tillet vi oss to slåande unntak: dei dyktige amatørane Henrik Ibsen og Catharine Kølle, som begge kom vandrande etter landevegen og valde Tresfjord-fjella som motiv.

Odd Sørås
Odd Sørås er fødd i 1947 i Vestnes. Han har arbeidd i NRK Møre og Romsdal sidan 1978 og har laga ei rekkje program om historiske emne med tilknyting til Møre og Romsdal. Fleire gonger har han arbeidd med slike programtema på reportasjereiser i utlandet, og han har vore i fransk radio og fortalt om norske stadnamn i Normandie. Saman med Richard Bergh laga han programserien «Mellom himmel og jord», der folk fortalde om uforklarlege opplevingar. Serien kom i 1998 ut i bokform med tittelen «Møte med det gåtefulle». I mange år har Odd Sørås skrive artiklar i historiske årbøker, særleg i Romsdal Sogelags årsskrift. Han bur i Langevåg.

Innhaldsliste

  • Forord
  • Eit utsyn 150 år etter
  • Dreier og prospekta hans
  • Noreg blir oppdaga
  • Stygt og pent
  • Kunstnarvegen til norsk natur
  • Tidleg reiseliv i Romsdalen
  • Dahls auge i Romsdalen: Carl Friedrich Naumann
  • Dahls usette motiv
  • Kulde og regn – Fearnleys romsdalssommar
  • «Romsdal med Romsdalshorn», 1837
  • «Fra Romsdal», 1838
  • «Fjellegn i Romsdal med bjørn», 1838
  • Mindre måleri og studiar frå sommaren 1836
  • Skisser og teikningar – eit lite utval
  • Joachim Frich: Romsdalshornet på Oscarshall
  • Med Jacob Calmeyer til Innfjorden
  • «Norge fremstillet i tegninger»
  • Hans Leganger Reusch
  • August Cappelens fantasi over eit tema
  • Gustav Mordt (1826-1856)
  • Romsdalsmotiv for millionar
  • «Det ærlige naturstudium» – Johan Fredrik Eckersberg
  • Dei mange Romsdalshorn
  • Andre romsdalsmotiv hos Eckersberg
  • «Syngende trasket jeg inn i Romsdal» – Christian Skredsvig
  • Thurmann: eit måleri fortel industrihistorie
  • Gudfaren i norsk landskapskunst – den folkekjære Gude
  • «En henrivende reise»
  • På oppdrag frå Mr. Prell
  • Utsikt frå Eikrem
  • Utsikt frå Reknesparken
  • Akvarellar
  • Trolltindane
  • Endå ei Astrup-bestilling: Tidemand og Müller
  • Sans for detaljar: Herman Wedel Anker
  • Å manipulere landskapet: Adelsteen Normann og Romsdalsfjorden
  • Snømålaren på sommarbesøk: Frederik Collett i Molde
  • Eidsvågen i norsk kunst: Carl Nielsen
  • Eit gardkjøp på Holmemstranda – Even Ulving
  • Inne i fjordane – kunstnaren Ulving
  • Ein kunstnar til seters – Jørgen Sørensen på Holmemstranda
  • Romsdalselskaren Hans Løvaas
  • Moldefjorden og Frankrike – hamnemålaren Grimelund
  • Skuter og snø – Molde-bileta til Anna Ibsen
  • To amatørar
  • Teiknaren Henrik Ibsen
  • Catharine Kølle – vandrar og prospektmålar
  • Foto
  • Notar
  • Litteratur/kjelder
  • Register
romsdalslandskapet.jpg

ISBN: 978-82-90169-86-7
Pris kr 275,-