Max Ingar Mørk

Kyrkjene i romsdal

Romsdal sogelags Årsskrift kjem i år i ei anna form enn vanleg. Formatet er endra, men den største skilnaden er at vi i år for første gong i sogelagets historie gir ut ei temabok skriven av berre ein forfattar. Max Ingar Mørk, som i mange år har arbeidd med forvaltning av kyrkjebygg, har skrive historia til kyrkjene i Romsdal. Med seg på laget har han hatt Sigurd Mjelve som fotograf.

I samband med Romsdal sogelags 100-årsjubileum ville vi i år lage noko som omhandlar heile Romsdal. Kva var då meir naturleg enn å lage ei bok om alle kyrkjene våre? Kyrkja har stått sentralt i folks liv, både i kvardag og høgtid sidan vikingtida.

Boka omtalar alle kyrkjer og vigsla bygg for Den norske kyrkja, pluss andre kyrkjesamfunns kyrkjer og forsamlingshus – ikkje berre dei som står i dag, men også dei historiske. 

På utanlandsferie er det mange som oppsøker kyrkja på staden for å få innsyn i landets kultur. Her får vi for første gong eit samla oversyn over våre eigne katedralar. Vi får presentert kva dei små lokalsamfunna, på trass av ofte stor fattigdom, har greidd å bringe fram av byggekunst, kunstnarleg utsmykking og handverk. Derfor har kyrkjebygget noko å seie til oss alle, uavhengig av tru. Denne boka er laga for alle som vil vite noko om romsdalsk kulturhistorie.

Kyrkjene.jpg

ISBN: 978-82-93345-18-3
450,- (medlemspris kr. 400,-)
NY PRIS: 200,- (medlemspris kr. 100,-)

Bestill boka

NB! Porto kjem i tillegg til prisen.