Dag Skarstein, Vidar Kursetgjerde og Bodil Lillelien

HELSE I LOKALLITERATUREN

Bibliografi for Møre og Romsdal

Denne bibliografien har med det meste av det som er skrive om helse i Møre og Romsdal.

Ved registreringa er det lagt vekt på det kulturhistoriske og ikkje det helsefaglege fordi målgruppa er først og fremst skolar, bibliotek og generelt lokalhistorisk interesserte folk. Alle kommunar i Møre og Romsdal er representerte, men stoffmengda varierer noko frå område til område. Forfattarregister og emneregister gjer boka lett å finne fram i.

Bakgrunn for bibliografien er 400-årsjubileet for det offentlege helsevesenet i Norge i 2003, og det er Fylkeslegen i Møre og Romsdal som står bak bokprosjektet. Overlege Ottar Ødegård, som er medlem i fylkeskommitéen, har skrive ein artikkel om helse og helsearbeid i eit 400-årsperspektiv.

Utgjeve av Fylkeslegen i Møre og Romsdal i samarbeid med Romsdal sogela.

 HELSE I LOKALLITERATUREN .gif

ISBN: 82-90169-67-1
Ny pris: kr 20,-

Bestill boka

NB! Porto kjem i tillegg til prisen.