OLA HOLA

FOLKELIV OG TRADISJON FRÅ NESSET, bind 1

Folkeliv og tradisjon frå Nesset er sett som boktittel på det store folkeminnematerialet som Ola Hola (1861–1949) samla inn og skreiv ned frå 1920-åra til han døydde. Ola Hola opplevde ikkje å få sjå verket sitt på trykk. Berre ein liten del av det han samla vart publisert medan han levde.

Trygve Holen (1900-1992), yngste son til Ola Hola, overtok samlinga etter faren. Før han døydde, overlet han samlinga til dottera Hildur som no, etter fleire års arbeid, er i ferd med å fullføre verket i samarbeid med Romsdal Sogelag. Stoffet er så omfattande at det må delast på to bøker for at det skal bli plass til alt.

Hildur Holen Westrum (f. 1942) voks opp i Eidsvåg. Ho er adjunkt og har stort sett hatt arbeidsplassen sin i den vidare-gåande skolen. På grunn av dei store sosiale, kulturelle og språklege endringane i samfunnet dei siste mannsaldrane, har ho funne det nødvendig å normalisere, legge til og kommentere ein del av tekstane.

Bind 1 har følgjande hovedkapittel:
- Hendingar
- Tidsbilde
- Kjentfolk
- Kulturminne

Til saman utgjer boka 415 sider.

FOLKELIV OG TRADISJON FRÅ NESSET.jpg

ISBN: 82-90169-61-2
Pris kr 240,-