EIRIK MOEN

DET DATT NED EIN BINDERS - Kåseri og avisstubbar i utval

Ein gong datt ein binders ned på golvet og vart borte. For Eirik Moen blir ei slik uviktig kvardagshending utgangspunkt for ei heil tankerekkje, ei rad med funderingar over små og store spørsmål som hører menneskelivet til.

Eirik Moen var fødd i Måndalen i 1912. Med den gamle bygdakulturen som bakgrunn har han hatt synet vendt utover i samfunnslivet og innover i si eiga tankeverd, og funne emne for underfundige refleksjonar og filosoferingar. Så har han formidla dei, med herleg humor og uforlikneleg språkkunst, til store og små forsamlingar, i radio og avisspalter. Mange tilhørarar har lenge ønskt å finne att noko av alt dette mellom to permar, andre har hørt om noko dei ikkje har fått med seg, og som ingen andre kan gje att like velformulert. No er boka her, med eit utval av Eirik Moens tallause kåseri og avisstubbar, ei bok til å bli både glad og klok av.

Eirik Moen døydde 2002.

Utgitt av Romsdal Sogelag 1993

Lydbok:

DET DATT NED EIN BINDERS.jpg

ISBN: 82-90169-41-8
Pris kr 100,-

Bestill boka

NB! Porto kjem i tillegg til prisen.