Rolf Strand

Bjørnson og Nesset

Bjørnson-auksjonen på Nesset prestegard 1853. Register til Ola Hola: Folkeliv og tradisjon frå Nesset

Som undertittelen på dette vesle heftet viser, inneheld det to ulike emne: Det første tek for seg den materielle kulturen på prestegarden i 1853, dvs. kva Bjørnson-familien selde på auksjon før dei forlet Nesset. Det andre emnet er så prosaisk som eit register til Ola Hola: «Folkeliv og tradisjon frå Nesset» i to bind. Gjennom Ola Hola sine folkeminne får vi nemleg eit innblikk i den immaterielle kulturen i Nesset på 1800-talet, og her vil registeret vere til hjelp for den som vil finne fram til dei mange Bjørnson-forteljingane og dei gode miljøskildringane frå Nesset i oppvekståra til forfattaren.

Dette heftet er Romsdal sogelag sitt bidrag til Bjørnson-året 2010. Heilt frå 1955 til i dag har sogelaget trykt artiklar og delar av artiklar om Bjørnson-familien og Romsdal, og det vil nok skje også i åra framover. Dei tre sogelagspublikasjonane «Bjørnsons tid i Romsdal» (1957) og Ola Hola: «Folkeliv og tradisjon frå Nesset» del 1 og 2 (2000 og 2001) har særleg mykje Bjørnson-stoff.

Det er no over 50 år sidan G. M. Angvik skreiv av delar av lensmannen sin auksjonsprotokoll frå 9. – 11. juni 1853. Stoffet har vore upublisert og lite kjent. No har Rolf Strand skrive av alt, nærast ordrett. Den som vil kan no få sjå kven som kjøpte kva på denne mykje omtala auksjonen. Prisane fortel også kulturhistorie.

Registeret til folkeminnebøkene er utarbeidd av Bjørn Austigard. Tanken var at registeret skulle komme ut saman med bøkene i 2000 og 2001, men redigeringa og trykketida den gongen tillet ikkje det. Her er endeleg registeret - med sine feil og manglar. Eit så detaljert register til eit to-bindsverk på 850 sider, og som delvis er skrive på 1800-talsdialekt, er arbeidskrevjande. Nokre få merknader til dei problema eg har hatt og dei vala eg har gjort, står i innleiinga til sjølve registeret side 19.

bjørnson-og-nesset.jpg

ISBN: 978-82-90169-93-5
Pris kr 50,- + porto

Bestill boka

NB! Porto kjem i tillegg til prisen.