Roser til Molde

Bygd: Molde
Kommune: Molde
Tekst: Helde, Einar
Kjelde: Lovsongtonar / Einar Helde. - 2007

Skriven 1956
Skal vi feriere, reiser vi mot nord,
opp til Rosebyen vår ved Romsdalsfjord.
Mange roser får vi kanskje ikkje sjå,
med ein vakker by med fjell og fjord og himmel blå.
 
Refr:
Vakre, vene Roseby, du er vedunderleg.
Kvar vi enn i verda vandrar, vil vi minnast deg.
Tak imot dei roser som vi vil deg gje,
til ein liten takk for alle tiders ferie.
 
Byen er idyllisk, hyggjelig som få.
Mange roser får min ven då ikkje auge på.
«Ser du roser?» sa ho. «Ja, eg ser då deg.»
Og vi gjekk der smilande utover Øvre veg.
 
Refr. 
 
Ned i Reknesparken arm i arm vi går,
ser at Alexander Kielland stilig, bortgøymd står.
Og ved Moldeelva Bjørnson vi får sjå.
Han ser majestetisk utover fjord og fjella blå.
 
Refr.
 
Oss ein tur til Varden må vi atter ta.
Aldri nokon stad vi ser slikt panorama.
Segletur på fjorden tek vi jonsokkveld,
medan dragspeltonar kling, og båla brenn på fjell.