Bygda vår : Eresfjordsongen

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Rød, Inga
Melodi: B. Steinsvoll



Eresfjord, bygda vår,
du frå fjorden fram deg tøyer.
Mellom fjella logn deg smøyer
og gjev rom for gard og grend.
Kvar ein gard, kvar heim og stova
ligg so vent i dalen her,
og me kan vår Skapar lova slik du er.
 
Eresfjord, bygda vår,
deg me alle, alle elskar,
og du liksom på oss helsar,
tek oss alle i din famn.
Desse fagre fjell og nutar
hev slik venleik om oss lagt
og dei står som trauste gutar, vardevakt.
 
Eresfjord, bygda vår,
ven du ligg her, trygg du kviler,
og du liksom mot oss smiler,
åt oss alle gjev du rom.
Gjennom dalen elva strøymer,
sullar logn og brei og stor
til i stilla vent ho fløymer ut i fjord.
 
Eresfjord, bygda vår
vil me aldri, aldri gløyma,
men frå hjarta vårt skal strøyma
fram ein takk for alt du gav.
Me vil elska, me vil æra
deg vår gjæve ættarmor -
til me siste svevn for sova i di jord.