Alf A. Sæter

KYSTLANDSKAP

Alf A. Sæter har skrive artiklar og dikt i «Jul i Romsdal» i over 50 år. I høve 70-årsdagen den 8. november 2005 gjev Romsdal sogelag ut «samla verk» frå desse julehefta.

Tittelen er henta frå eitt av stykka i boka, og valet er bevisst: Gjennom mykje av det Sæter har skrive, skimtar vi det romsdalske (kyst)landskapet. Sjølv om det meste er fri dikting, er det lokale landskapet ofte ei lett kjenneleg scene i det han skriv. Kysten var hans barndoms rike, og den ber han med seg både konkret og i overført tyding.

Forfattaren skriv om innhaldet: Uansett blir her lesestoff i dei fleste sjangrar, frå krimgåter til julesongar, frå einaktars skodespel til kjærleiksnoveller, frå turar i Romsdal til reiser gjennom Europa, alt i høvelege doser anten det no er til høgtlesing eller ei stille stund i godstolen.

Alle illustratørar har stilt sine teikningar og illustrasjonar gratis til disposisjon, og forfattaren har funne fram ei rad kystlandskapsbilete som han sjølv eller svigerfaren, fotograf Erling Birkeland (1898-1972), har teke. Mange av desse bileta har aldri før vore offentleggjorde.

kystlandskap-forside.jpg

ISBN: 82-90169-77-9
Pris: kr 300,-