OLA HOLA

FOLKELIV OG TRADISJON FRÅ NESSET, bind 2

Folkeliv og tradisjon frå Nesset, bind 1 og 2, er ei samling folkeminne og lokalhistorie frå Nesset. Storparten av stoffet er skrive ned av Ola Hola (1861–1949), derfor ber bøkene hans namn. Sjølv opplevde han berre å få sjå delar av det han hadde samla på trykk. No, vel 50 år etter at han døydde, er alt tilgjengleg i bokform.

Bind 2 held fram med segner og eventyr. Så følgjer eit kapittel om Nesset prestegard og presten Peder Bjørnson. Deretter kjem meir enn 30 tradisjonar og minne knytt til Bjørnstjerne Bjørnson. Den gamle stavkyrkja på Rød har ein fyldig omtale, og siste kapittel har med det som Ola Hola elles hadde samla: gamle truer, minne, ordtak, rim, barnesongar og viser.

Av praktiske grunnar er det meste av stoffet trykt med normalisert språkdrakt, men det finst også mange forteljingar som er attgjevne med gammal eidsvågdialekt.

Det var Trygve Holen (1900–1992) som tok vare på samlinga etter far sin. Sidan er det dotter hans igjen, Hildur Holen Westrum (f. 1942) som har teke hand om materialet, slik at det kunne trykkast. For å gjere stoffet meir tilgjengeleg for dagens og morgondagens lesarar, har ho komme med ein del tillegg og skrive ei rad kommentarar.

«Folkeliv og tradisjon frå Nesset» er den største folkeminnesamlinga som er trykt i Romsdal.

Bind 2 har følgjande kapittel:
- Segner
- Eventyr
- Nesset prestegard og Peder Bjørnson
- Bjornstjerne Bjornson - hans samtid
- Tradisjonar omkring den gamle stavkyrkja som stod på Rød, og kyrkjene i Nesset i dag.
- Ømså
- Gammal dialekt
- Kart

Til saman utgjer boka 464 sider.

FOLKELIV OG TRADISJON FRÅ NESSET, bind 2.jpg

ISBN: 82-90169-66-3
Ny pris: kr 50,-