Bygdesongar

No kan du sjå resultatet av vår innsamlingsaksjon av bygdesongar.

Vi takkar hjarteleg alle som har sendt inn songar.

Dette arbeidet blei langt meir omfattande enn vi drøymde om. Vi har til no samla inn ca. 150-160 songar eller dikt. Vi er langt fra ferdig enno, men plana er at kvar song skal presenterast med tekst og noter. I tillegg skal det leggjast på ei lydfil der ein som minimum får melodistemma. Dei lokalt laga melodiane tek vi sikte på å legge ut med notar og lyd med 4-stemmig harmonisering.
 
Ved å klikke på pilane over kvar kolonne, kan du få alfabetisk oversyn over tittel, førsteline, geografisk stad, kommune. eller tekstforfattar. Som sagt er vi ikkje ferdige enno, men alle songane vi har fått tak i er no lagt ut med dei viktigaste opplysningane, sjølv om tekst og noter ikkje er ferdig. Vi jobbar på spreng, så dette vil endre seg frå dag til dag.
 
Ser du at vi manglar ein song som du har, er vi svært takksame om du tek kontakt.

 


Publisert 25. april 2013

Siste nytt

13. nov. 2018

Årsskrift 2018 ferdig

Årsskrift 2018 er nå sendt ut til medlemmene. Boka er å få hos alle lokale bokhandlere, samt Romsdalsmuseet,
eller direkte fra Sogelaget, tlf. 976 61 964.
 
Vi minner også om at vi fortsatt har Gulltransporten - Dramaet dag for dag. 
 
 
Gjensidige.jpg
28. okt. 2018

Bok om kyrkjene i Romsdal

Vi planlegg å gje ut ei bok med omtale av alle kyrkjene i Romsdal. Max Ingar Mørk er engasjert som forfattar. Vi tek sikte på at boka kjem ut i 2021.
 
Takk til @Gjensidige Forsikring Nordmøre og Romsdal som gjennom Dugnadsløftet har gitt oss støtte til "Kyrkjene i Romsdal"
24. sep. 2018

Årsskrift 2018

Årsskrift 2018 er i rute med over 30 artiklar frå heile Romsdal.
Boka blir på 348 sider i år som i fjor og blir lansert midt i november som vanleg.
Det lønner seg å vere medlem. Då får du boka direkte i postkassa!
Kontakttelefon: 976 61 964

 

14. juli 2018

Gulltransporten har fått ny aktualitet

Boka vår Gulltransporten - dramaet dag for dag har fått ny aktualitet etter at Svein Kroken har åpna utstilling om gulltransporten i ei gammel jernbanevogn ved Trollveggen besøkssenter i Romsdalen. Boka kan kjøpes ved utstillinga, eller bestilles hos oss (klikk på lenka "Bøker" ovenfor).

> NYHETSARKIV