100-årsjubileum for Romsdal sogelag

Bylekskonet.jpg

Arbeidet med 100-årsjubileet er no godt i gang og vi minner om det som skal skje.

Den 25. august kl. 18.00 i Bjørnsonsalen, Scandic Seilet, på dagen 100 år sidan stiftinga, blir det festkveld med festtale, mykje sang og annan underhaldning. Du kan allereie no skaffe deg plass med å kjøpe billett på www.hoopla.no P.g.a. koronasituasjonen er det enno usikkert kor mange vi kan ha i salen, men er du blant dei hundre første, er du sikra plass. Billetten kostar kr 100, inkl. avgifter.

Samme kveld blir det bokslepp for Sogelagets storsatsing, Molde byleksikon av Anders Kvernberg. Som det framgår av bildet er det pengar å spare ved å betale på førehand.

Seinare på hausten kjem Kyrkjene i Romsdal av Max Ingar Mørk. Denne boka kjem i staden for det vanlege Årsskrift og vert såleis sendt til alle medlemmer utan ekstra kostnad. Er det eit år det løner seg å vere medlem i Romsdal sogelag, så er det altså  i 2021.

 


Publisert 12. mai 2021

Siste nytt

17. jan. 2014

Eldre årgangar søkbare på nettet

Du kan no søkje i eldre årgangar av Årsskrift på nettet. Gå inn på Årskrift frå forsida. Søket er basert på ei løysing frå Google og er ikkje heilt som vi ønkjer det enno, men det går godt an å bruke det allereide no. Lukke til!

> NYHETSARKIV