Årsmøte 2021

Årsmøtet 2021 blei halde tirsdag 9. mars på Krona, Romsdalsmuseet. På grunn av koronasituasjonen måtte vi i år ha påmelding og det blei eit reint årsmøte utan kulturelle innslag. Av dei viktigaste sakene var at kontingenten for 2022 blei vedteken uendra og valet fekk dette samrøysta utfallet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Mads Langnes (attval for 2 år) og Dag Skarstein (attval for 2 år). Solveig Flemmen og Randi Ingunn Selnes var ikkje på val.

Varamedlemmer: Kenneth Staurset Fåne (attval for 1 år), Turid Leirvoll Øverås (attval for 1 år) og Morten Øveraas (ny, for 1 år).

Redaktørar: Bjørn Austigard (attval for 1 år), Dag Skarstein (attval for 1 år), Randi Ingunn Selnes (attval for 1 år) og Per Arnt Harnes (ny, for 1 år).

Revisor: Konrad Moe (attval for 1 år) og Øyvind Aasgård (ny, for 1 år).

Valkomité: Jarle Sanden (leiar), Anne Marie Nauste Myhre og Stig Ove Voll (alle attvalde for 1 år).

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I ROMSDAL SOGELAG 9. MARS 2021

Stad: Krona, Romsdalsmuseet, kl. 19.00

Til stades: 24 personar

 Pandemisituasjonen

Romsdal sogelag valde å halde årsmøtet for 2021 på Krona på Romsdalsmuseet, med omsyn til rådande retningsliner og restriksjonar frå styresmaktene i høve pandemisituasjonen(koronaviruset. Det var difor påmelding på førehand og sett eit tak på 30 frammøtte.

 Opning av møtet

Styreleiar Bjørn Austigard ønskte velkommen, opna møtet og orienterte om statuttane for laget. Det vart også orientert om restriksjonar knytt til pandemisituasjonen og kva det hadde å seie for møtet.

Det var ingen merknader til innkallinga.

Val av ordstyrar, referent og underskrivarar

Bjørn Austigard vart valt til ordstyrar og Mads Langnes til referent. Målfrid Nordhaug og Arne Sandøy vart valde til å underskrive protokollen.

 Årsmelding for 2020

Styret sitt framlegg til årsmelding for 2020 vart gjennomgått av skrivaren. Det var ingen merknadar og årsmeldinga vart godkjent.

 Revidert rekneskap for 2020

Kasserar refererte rekneskapen med revisorrapport for 2020. Det kom ingen merknader eller spørsmål og rekneskapen vart godkjend.

 Arbeidsprogram og budsjett 2020

Leiaren gjekk gjennom arbeidsprogrammet og refererte budsjettet for 2021. Det var ingen merknader og både arbeidsprogrammet og budsjettet vart vedtekne.

 Kontingent for 2022

Styret gjorde framlegg om å halde fast på ein kontingent på kr. 350. Framlegget vart vedteke utan merknader.

Innkomne saker

Styret hadde gjort framlegg om å endre Lover for Romsdal Sogelag (vedtatt på årsmøte 4. mars 1997.

Endringane galdt:

§ 5 pkt 7 d, med ny tekst: «Ein revisor med vara – begge for eitt år»

§ 5 pkt 7 e, med ny tekst: «Ein eller fleire ansvarlege redaktørar for årsskriftet og eventuelle ekstrabøker – for eitt år. Redaktørane treng ikkje vere medlem av styret, man har rapporteringsplikt til styret og kan møte der med tale- og forslagsrett.»

Båe endringane vart vedtekne samrøystes.

Referat frå Margit og Morten Parelius’ minnefond

Bjørn Austigard refererte kort årsmelding og rekneskap for fondet. Dette er eit vedtektsfesta referat og skal ikkje godkjennast av årsmøtet i Romsdal sogelag. Ingen hadde merknader til referatet.

Val

Valkomiteens leiar Stig Ove Voll la fram komiteens forslag. Alle val vart vedtekne med akklamasjon utan motkandidatar.

Desse vart valde:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Mads Langnes (attval for 2 år) og Dag Skarstein (attval for 2 år). Solveig Flemmen og Randi Ingunn Selnes var ikkje på val.

Varamedlemmer: Kenneth Staurset Fåne (attval for 1 år), Turid Leirvoll Øverås (attval for 1 år) og Morten Øveraas (ny, for 1 år).

Redaktørar: Bjørn Austigard (attval for 1 år), Dag Skarstein (attval for 1 år), Randi Ingunn Selnes (attval for 1 år) og Per Arnt Harnes (ny, for 1 år).

Revisor: Konrad Moe (attval for 1 år) og Øyvind Aasgård (ny, for 1 år).

Valkomité: Jarle Sanden (leiar), Anne Marie Nauste Myhre og Stig Ove Voll (alle attvalde for 1 år).

 Årsmøtet avslutta kl. 19.40.

 Anna

Den vanlege serveringa av kaffi/kaker etter det formelle årsmøtet, vart ikkje gjennomført på grunn av restriksjonane knytt til pandemisituasjonen.

Styreleiar Bjørn Austigard heldt ei orientering om si tid i styret for laget, og kva planar laget har for å markere 100års-jubileet i 2021. Austigard la vekt på kontinuiteten i styret, samarbeidet med Romsdalsmuseet og Margit og Morten Parelius’ minnefond som viktige for den omfattande og gode aktiviteten i laget. I så høve vart det også vist til Dag Skarsteins jubileumsartikkel og styreleiar Austigards artikkel om minnefondet som stod på trykk i årsmeldingsheftet. Til slutt vart det opna for spørsmål og kommentarar frå dei frammøtte.

Mads Langnes

Referent


Publisert 15. Mar 2021

Siste nytt

Slide1.jpg
15. Apr 2024

Skrivekurs

Invitasjon frå Haram historielag. Åpne bildet i ny fane, så blir det meir lesbart.

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

Styret2024,5.jpg
14. Mar 2024

Årsmøte 2024

Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

> NYHETSARKIV